Idrettsskulen

Informasjon til barn som ikke er med på idrettsskolen

Informasjon til foreldre ved Samnanger barneskule

Oppstart av idrettsskule i Samnanger:

Me ynskjer å gje borna våre mulighet til å meistra ulike aktivitetar og idretter, og har derfor starta opp idrettsskule for 1. til 7. klasse. I hovudtrekk vil det bli idrett som det ikkje er tilbod om i Samnanger i dag, samt aktivitetar som ikkje er knytt mot ein spesiell idrett. Idrettsskulen vil leggja vekt på allsidighet og meistring.

Aktivitetar:

Her vil borna få prøvd seg i alt frå turn, karate, ski, orientering, terrengløp til eventyrspel, cheerleading og ballett. Dette er kun eit utvalg av aktivitetane. Ved behov vil borna bli delt opp i alderbestemte grupper.

Tidspunkt:

Alle aktivitetar vil vere lørdag eller søndag, ca annakvar helg. Deltakarane vel om dei vil vere med på nokre eller alle aktivitetane.

Medhjelparar/vakter:

Her er me avhengig av at de som foreldre stiller opp som medhjelparar/vakter under aktivitetane. Det vil kun vere snakk om nokre timar ein lørdag eller søndag i året, så det blir ikkje mykje på kvar enkelt vaksen. Dersom nokon foreldre har mulighet til å stille som instruktørar for aktivitetar, ta kontakt!!

Påmelding:

Send ein e-post til: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den., gå inn på www.samnangeril.no/idrettsskulen eller www.facebook.com/groups/samnangeridrettsskule. På nokon aktivitetar kan det vera begrensa med plassar, men me vil gjera vårt ytterste for å få plass til alle. De kan allereie no starte påmelding til idrettsskulen for våren 2017.

Kostnad:

Idrettsskulen er dugnadsbasert, og vil kun koste kr. 300,- pr år.( +årsavgift til idrettslaget kjem i tillegg). For 7. klasse, vil kontigenten være kr. 150,-, da de kun får delta på våraktivitetene. Etter påmelding vil betalingsinformasjon bli sendt ut.

Facebook:

Idrettsskulen kjem til å bruke facebook aktivt, og her vil det bli lagt ut informasjon fortløpande. Sjå; www.facebook.com/groups/samnangeridrettsskule Bilete fra aktivitetane vil og leggast ut (så om nokon ikkje vil bli tatt bilete av, må dette meldast inn til oss). Med hjelp frå dykk som foreldre håpar me at dette kan bli eit nytt og spanande tilbod til born i Samnanger.

Med venleg helsing

Evelyn Frøland

Anja Elisabeth Gjerde Markhus

Jannicke Andersen

Øyvind Østerås

Sverre Skulstad                                                                       Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.