langrenn stort

Startlist langrenn 15.01.17

Startliste2017.HTM

Skiforhold i Totræna.

Løypa vart kjørt i kveld med to klassiske spor til rennet i morgon, det er -10 grader i kveld og tørt fint føre.

Løypa er stengt i kveld, dette for å spare det fine føre til rennet i morgon.  Turløypa er desverre ikkje kjørt til helga. Det var problem med trakkemaskina, den er i orden no men me måtte prioritere 5 km løypa, turløypa vert kjørt opp etter rennet på sundag.

Geilotur 2016

Det nermer seg årets Geilotur og i år ser det ut som det er fine forhold på Geilo både i lysløypa og dei andre løypene rundt Geilo. Vil du vere med so må du bestemme deg fort, lyt sende mail til Geilo på onsdag om kor mange me vert. Laget sponser deler av turen som dekker opphold og måltider på Øens turistsenter.  Prisen vert ca 500 - 600 kroner for helga.  

Åskort og skiforhod i Totræna.

Endeleg er det fine forhold i Totræna. Løypa er kjørt både for klassisk og friteknikk i heile 5 km men ikkje nedover mot Fitjavatn og Myra.

Betaling på parkeringsplassen kan betalast inn på konto 3530 20 76462 (Samnanger il / langrenn) og er kr.600,- for årskort og 50 kr for dagskort. Dagskort kan betalast i kasse som står i enden av parkeringsplassen. Husk adressa når ein set penger inn på konto so vert årskorte sendt i posten.

Vegen til Totræna er ferdig.

I greves tid vart vegen til Totræna ferdig, fredag vart vegen grusa og laurdagen var det kome 30 cm snø. Me hadde ikkje so mykje penger til grusing som me burde hatt, men me fekk i alle fall grust det mest nødvendige for å kunne bruke han i vinter. Løypa er også snart klar til bruk, me har belta gjennom 3 km løypa med beltevogna og rekna me å planera løypa med trakkemaskina slik at løypa er klar til tysdag kvelden. Det er enno mykje som skal gjerast før vinteren, betalingsbua må komme opp på den nye parkeringsplassen, hoppbakken skal gjerast ferdig denne veka og so skal me ha ein opningsermoni for den nye vegen, dette kjem me snart tilbake til.

Klubbkveld hos Mo sport.

På torsdag 24. november er det Klubbkveld hos Mo sport. Det er gode tilbud på alle varer i butikken, annonsa er lagt ut på Samnanger il langrenn si side på facbook.  

Veg til Totræna.

Vegen til Totræana er snart ferdig men me mangler stadig penger til grusing. Det har gjort mykje godt arbeid med løypa no i haust. Det er lagt om 5 km løypa der den bratte bakken like før ein kjem tilbake i lysløypa slik at løypa er vorte mykje slakkare. I lysløypa er løypa lagt om der 1 km snur her er det også komme nye lys. Lys er det også komme på den nye parkeringsplassen. Utruleg dugnadinnsats av Einar og Alf med fleire som har gjort eit kjempeinsats med reising av stolper og strekking av linjer slik at dette vert klart til vinteren.

Hoppbakken i skileikområdet står att og bygge opp att på ny plass, dette er planen å få ferdig før skisesongen.

Dersom du vil støtte arbeidet men gåver spesielt sidan me mangler penger til grusing av vegen er kontonr. 3530 20 76462.