langrenn stort

Karusellrenna i Samnanger il

Det er arrangert 8 karusellrenn i Totræna i vinter 4 klassiske og 4 skøyterenn. Dersom du har fullført meir en fem renn tel berre dei 5 beste renna.

Her er resultata.

Les mer: Karusellrenna i Samnanger il

Birkebeinerrennet.

5 Samninga var med på årets Birkebeinerrenn frå Rena til Lillehammer 54 km langt. Sondre Tysseland var raskast med tida 3.16.06 og kom da inn på 132 plass i klasse 20 - 24 år. Han staka som vinnaren av årets renn heile vegen.  I klasse 45 - 49 år kom Inger Gro Lien inn på ein flott 12 plass med tida 3.49.35. Vigleik Tysseland kom inn på 3.51.50 og kom på 61 plass i klasse 60 - 64 år.  Svein Tore Tysseland kom inn på 4.30.01 og Knut Haga fekk tida 4.51.55. Sondre, Inger Gro og Vigleik kom inn under merkekravet og klarte Birkebeinermerket. Føret i år var vanskeleg med til dels vinglete spor og ein del motvind so året renn var ein kraftprøve. 

Kronerulling for Totræna Vinterpark

Langrennsgruppa vil starte opp med veg til Totræna snarast. Samnanger IL har tatt ut eit lån til å komme i gang med arbeidet og da me må difor prøve å få inn midler. Difor sender me ut andelsbrev som bedrifter og privatpersoner kan hjelpe oss med dette arbeidet.

Laget har også laga ny turveg som vert maskinkjørt vinterhalvåret, vidare har me laga skileikanlegg like ved stadion oppe i Totræna og skal også utbedre langrennsløypene i Totræna.  Til dette arbeidet har me også eit andelsbrev.  

For å delta i kronerullinga for Totræna Vinterpark kan ein sjå her: "Kronerulling for Totræna Vinterpark". For ein detaljert oversikt over planane kan ein sjå her: "Anleggsplan Totræna". 

Karusellrenn 21.februar (femte i rekken) Fri teknikk.

Under 8. år.   1 km.

Jakob Langeland 13.30

Lea Langeland 13.00 (ein runde i hesteskoen)

Natale Langeland Drevsjø  25.15  (ein runde i hesteskoen)

Gutar 11 - 12 år 2. km

1. Teodor Alfedsen 15.10

Menn 16 +  10 km.

1. Kevin Bolstad 36.25

2. Steinar Waage Tveit 41.34

3. Knut Haga 44.10

4. Knut Langeland 48.24

5. Sindre Skar 49.15

6. Erling Pettersen 50.50

7. Roger Skar 55.50

Damer 5 km.

1. Åse Waage Tveit 28.47

2. Mary Torunn Bjørnås 45.00

Trim 5 km.

1. Preben Tveit 34.15