langrenn stort

NM i Tromsø i helga. Joel var med i sprint fritekn. og 20 km dualton (10 km klassisk og 10 km friteknikk.

I sprinten var ikkje Joel heilt fornøgd med ein 63 plass. Laurdag var det dualton men Joel hadde dårleg startposisjon og kom langt bak allerede i starten.

Resultat: Srint fri teknikk. prolog.

1. Sindre B. Skar  3.25.54

63. Joel Dyrhovden 3.41.49 (ikkje vidare til finaler)

Vinner finale: Finn Haagen Krogh

Dualton (10 km klassisk + 10 km fri teknikk)

1. Petter Jr. Northug 1.15.46.1

57. Joel Dyrhovden 1.21.52.8

 

 

 

KM klassisk. Bra resultat av Joel.

Laurdag var Viljarrennet og KM i klassisk stil på Voss.  Joel gjekk eit svært godt løp og fekk sølvmedalje berre slått av Vebjørn Turtveit. Joel var nesten minutte føre Hans Inge Klette som vann Samnangerrennet.

Resultat: Menn senior 10 km. klassisk.

1. Vebjørn Turtveit, Voss IL 26.10

2. Joel Dyrhovden   26.49 

Trening i Totræna

Det har vore ein merkeleg sesong denne vinteren, snøen kom sist i november og forsvann like før jul, i jula kom det litt snø og skiføre att, no er det også litt snø og løypene er maskinkjørte og førerorholda er brukbare men heller ikkje meir. Det er heller ikkje kjørt klasiske spor og skal du skøyte er det ikkje lurt å bruke nye ski. Det vert fellestrening i Totræna kl. 18.30 tysdager og torsdager so får ein håpe på bedre forhold etter kvart.

 

 

 

 

 

Langrennskarusellen er i gang.

Årets første karusellrenn vart arrangert torsdag 21. januar.  Kalt fint vær med -7 grader.  Henrik Mjelde Foss vant med tida 33.30.

Les mer: Langrennskarusellen er i gang.

Jularennet i Odda.

Sondre og Joel var til Odda og Korlevoll og var med på jularennet som gjekk i fri stil 2. juldag. Det var svært god deltakelse med dei beste vestlendingane og mange svært gode skiløpara austfrå.  Både Joel og Sondre hadde gode skirenn men begge meinte dei hadde mykje meir å gå på.

 

 

Resultat:

 

Senior 10 km fellestart skøyting:

1. Vebjørn Turtveit, Voss 36.23

11. Joel Dyrhovden 37.40

17. Sondre Tysseland 41.52

Samnangerrennet 2016

 

Startliste

Det vart eit fin vinterdag i Totræna under årets Samnangerrenn. Sol og - 8 grader og faste fine spor so det vart flotte forhold for klassisk renn.

Nesten 200 startane og løpara frå heile krinsen møtte opp, men berre 4 frå Samnanger var med på rennet. 

 Resultat:  Joel Dyrhovden hadde dagens nest beste tid i 10 km løypa. Han vann seniorklassen klart men i klasse 19 - 20 år vann Hans Inge Klette frå Voss med tida 31.23,  15 sek. føre Joel. Beste tid i damelkassen (5 km) hadde Karoline Simpson-Larsen med tida 17.42 ho gjekk i klasse eldre junior 19 - 20 år.

Gutar 15 år. 5 km klassisk.

1. Fredrik Galaaen Røthe, Voss IL  17.20

1. Jakob Rongve Bryn, Voss IL 17.20

1. Jonatan Gjerstad Skjerping, Osterøy il 17.20

11. Steinar Waage Tveit, 20.35

Gutar 16 år.  5 km klassisk.

1. Olve Ure, Voss IL 16.44

10. Sindre Skar,   21.55

Menn senior. 10 km klassisk.

1. Joel Dyrhovden  31.58

22. Heine Langeland 54.15

Les mer: Samnangerrennet 2016

Skitrening Totræna.

Det er no heilt greie skiforhold i Totræna, litt lite snø men me prøver å sette spor til klassisk i kveld.  Fellestrening mandag kl 19.00 og onsdag kl. 18.00.   Etter jul vert det trening tysdager kl. 19.00 og torsdager kl. 19.00.  Elles kan ein sjå kor tid det er nykjørte løyper i Totræna gå inn på Samnanger.loyper.net .