langrenn stort

Klubbkveld hos Mo sport

Geilotur 2015

Det nermer seg årets Geilotur. Fredag 27 november til sundag 29 november, men det er også muleg å reise opp nokre dager før for dei som vil. Me vert også i år på Øen turiscenter.  For å få ein oversikt over kor mange som vert med so melder du deg på til Vigleik.

Langrennskarusellen 2014 - 15.

Her er resultat frå årets langrennskarusell.    (Alle over 3. renn får premie) (100 poeng maks pr renn, har ein over 5. renn tel dei 5 beste)

Les mer: Langrennskarusellen 2014 - 15.

Dugnad hausten 2015.

Langrennsgruppa starter opp med dugnad i Totræna kvar tysdag kl. 17.00 .   Det skal ryddast skog, blant anna i den nye vegtraseen (litt breiare gate).

Ryddas skog i turløypa mellom Vassvegen og langrennsløypa og i den delen i langrennsløypa som me skal legge om løypa. Elles må me ha litt vedlikehald på bygninger på stadion, blant anna fikse dør til utedassen.

Løypekjøring etter påske

Me trappa no litt ned med løypekjøring i Totræna, denne veka (uke 15) vert løypa kjørt onsdag (ca. kl. 12.00)og fredag kl. 18.00. Uke 16 vert løypa kjørt tysdag, torsdag (begge dager kl. 18.00) og laurdag kl. 09.00. Det er sikkert mykje snø att etter laurdag 18. april men me avslutter sansynleg den helga. Turløypa vert ikkje kjørt meir denne sesongen.

Hausttrening.

Langrennsgruppa starter med innetrening på mandag 26 oktober.

 Mandager:   kl. 19.00 Tysse  (rulleski)  etter rulleskitreninga er me ei stund i basenget på Tysse.

Onsdager:  kl. 18.00 Samnanger barneskule  (styrketrening i gymsalen.