olop stort

Orientering


Sponsor?

Seige Samningar på ski til Voss

Joel vann «Verdas fyrste ultraløp på fjellski».

Laurdag 28 mars kl 06:02 la ein liten med rutinert gjeng ut på tur frå Sjusete til Voss. Hardanger Åtgaum hadde invitert til «Verdas fyrste ultraløp på fjellski» og alle deltakarane måtte dokumentere god form og høgfjellserfaring før dei fekk startløyve. Det var krav om solide fjellski og utstyr for å klare seg ute ei vinternatt, så alle hadde sekkar på 10-15 kg alt etter kor mykje mat og drikke dei tok med seg.

Traseen er i grove trekk Sjusete – Myklavatnet – Hamlagrøvatnet – Blåkoll – Torfinnsvatnet – Gråsida – Voss, ei løype på ca 54 km. Størstedelen av løypa var ikkje merka og utan spor, men alle måtte innom nokre kontrollpunkt, og deltakarane måtte finne vegen sjølv ved hjelp av kart/GPS. Allereie i bakkane opp frå Sjusete skilde det seg ut ei gruppe på 4 løparar. For utan Joel var det tre karar som alle representerer Norge på ultra- og motbakke løp i utlandet. Sverre Slethaug, Thorbjørn Ludvigsen («Stoltzekongen») og Tomas Andersen (fleire gongar vinnar av Expedition Amundsen).

Allereie etter ein gode times gange kjende Joel seg sterk og drog i frå i lett terrenget inn over Fulgadalen. Ludvigsen og Andersen sleppte, men Sverre Slethaug jaga bak. Då Joel gjekk litt feil undervegs, var Sverre heilt i ryggen på han igjen. Etter ca fire og ein halv time passerte dei Torfinnsvatnet og framleis «sprang» Joel fiskebein i bakkane mot toppen av Gråsida (1300 moh).

Ein skulle kanskje tru at det verste var over når ein var på toppen, men ein eg kjenner godt kan fortelje at det slett ikkje er eit vakkert syn når ein skal ta seg ned 1250 høgdemeter på svært varierande føre utan ein einaste plogemuskel inntakt.

Dei siste 5-6 km måtte løparane skifte til joggesko og ta skiene på sekken og joggen inn til mål på torget på Voss. Joel var ikkje sikker på sigeren før han var heilt inne i sentrum, men det viste seg at han hadde 15 min margin til Slethaug og halvtimen til Ludvigsen/Andersen som kom på tredje plass. Vinnartida vart 6.32. På slike lange løp er det ei utfordring å få i seg nok mat og drikke, i følgje vinnaren gjekk han heile løpet på to energibarer og to liter drikke, så det smakte nok ekstra godt med cola og suppe frå arrangørane ved målgong. Førstepremien var eit par ettertrakta Åsnes fjellski med spesial Hardangerlaup design.

I pulja bak dei fire første var kjempa dei to andre Samningane som deltok. Ruben Dyrhovden og Per Arne Aadland låg lenge saman med 3 andre løparar, men på slutten viste Ruben seg som den seigaste og gjekk inn til 5 plass (ca 8.30) og Per Arne kom i mål som nummer 8 (ca 9.00). Dermed var alle Samningane før beste Harding og beste Vossing.

Meir om løpet og ei rekke bilete på Hardanger Åtgaum

Per Arne (som nok stiller neste år også)