olop stort

Orientering


Sponsor?

Klubbjakke for Samnanger IL

No har me fått jakker og bukser for å prøve storleikar. Ta kontakt med Per Arne.
Ny frist for å tinge jakke/bukse er tysdag 16 juni.

No har du sjansen til å skaffe deg ei treningsjakke med eige SIL design!

Det er sikkert 20 år sidan det sist var handla inn klubbjakker til friidrett/orientering, og nokre av oss har alt slite ut eller gått lei den gamle…  Me har difor hatt ein runde med ulike leverandørar for å få prisar og designforslag på ei ny jakke.

 Dei viktigaste kriteria har vore:

  •           Ei komfortabel jakke til å trene i (ikkje ei «fritidsjakke»)
  •           Samnangerfargar
  •           God kvalitet frå seriøs leverandør
  •           God pris

Me har hatt inne fleire ulike modellar til prøve, og har hamna ned på ei jakke frå Noname. Dei er mellom anna leverandør til fleire o-landslag og skilag. Sjølv om initiativet kjem frå friidretts-/o-gruppa, er draktene sjølvsagt til sals til alle som måtte ynskje det uansett gruppe eller medlem i SIL. (Det er mulig SIL sponsar draktene, men det må me koma tilbake til).

JakkeKlubbjakke

  • Lufting i rygg, stretch/lufting i sidene og langs armane, lomme på bryst og rygg, refleksdetaljar. Logo og norsk fall kjem i tillegg. Fargane vert justert så tett opp til SIL fargane som mulig.
  • Størrelse 130-4XL
  • Pris: 700,-, barn 630,- (str 130-150)
  • Prisar er basert på forventa antal og ingen sponsing frå SIL.

Bukse

  • Standard bukse frå Noname i svart. Vindtett(?) front, stretch bak. Lufting ved kne, og glidelås nede. Refleksdetaljar..
  • Størrelse 130-4XL
  • Pris: 380,-, barn 340,- (str 130-150)

Korleis bestelle?Bukse - standard

Du sender SMS (92848844) eller e-post (Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.) til Per Arne innan 16 juni. Me har fått oversendt prøvejakker i ulike storleikar, så ta kontakt med Per Arne for å prøve. Leveringstid er ca 2 månader, så me har jakkene omtrent til skulestart.

Me kjem til å bestelle inn eit fåtal jakker «til lager», men vil du ha bør du bestelle no!

Flott presang til ein aktiv idrettsutøvar - eller til seg sjølv!