olop stort

Orientering


Sponsor?

Oppstart vintertrening

Me startar opp med treningar om torsdagane frå kl 17:00-18:30 på Tysse skule.

 

Friidrett og o-gruppa samarbeider om treningane, og det vert mest fysisk trening med intervall og styrke/spensttrening, men også innslag av enkle o-moment som alle klarar sjølv om dei ikkje har sprunge o-løp før. Me startar med litt jogging ute først, deretter aktivitetar i sal.  Me har med vilje ikkje sett aldersgrenser på denne treninga, og håpar å kunne samle både ungar og vaksne til felles trening der den enkelte kan tilpasse treninga til sitt nivå. 

Første gong vert torsdag 14/1.

Hugs refleks!