trim stort

 

  

3. løp i Vinterkarusellen i kveld (fredag 15. desember)

Start kl. 19:00 i Nesodden

SM friidrett RESULTAT

Heile 69 deltakarar innvia det oppgraderte og flotte friidrettsanlegget!

Mange gode resultat vart det og, sjå her Resultat-SM2017.pdf

SM 1  montasje

Resultat 1. løp i Vinterkarusellen

14 ivrige trimmarar trossa veret og kom seg vel gjennom løypa. 

Les mer: Resultat 1. løp i Vinterkarusellen

SM friidrett søndag 1. oktober

Velkommen til SM i friidrett i Hagabotnane søndag 1. oktober kl 12.

Påmelding kl. 12:00 - 12:45,   Start frå kl 13:00

 Startkontingent kr 50, maks kr 100 pr familie.

Klassar:

10 år og under (2007->) - 60 meter, lengde, liten ball

11 år og over (-> 2006) - 60 meter, lengde, høgde, kule, 400 meter, 3000 meter

Idrettsmerke (16 år og eldre): 60 meter, lengde, høgde, kule, 3000 meter

Open kiosk!

Dette er eit arrangement for alle, du treng ikkje ha kjennskap til friidrett for å delta.

Vi håpar alle som har lyst å prøva seg på friidrettsøvelsane vil komma i Hagabotnane på søndag!

Vinterkarusellen 2017/2018

Løpsdatoar: 17/11, 1/12, 15/12, 28/12 (romjulsløp), 19/1, 2/2, 16/2, 2/3, 16/3 (omvendt jaktstart)

Frammøte Nesodden

Start tidtaking kl. 19:00

Løypa er 4 km og går frå bedehuset i Nesodden til Haga (1 km) der ein snur og spring tilbake forbi Nesodden og inn i Aldalen (3 km) der ein igjen snur og spring siste kilometer tilbake til mål i Nesodden.

Dei yngste spring 2 km (til Haga).

Samnangerløpet 2017

 I år som i fjor fullførte 116 deltakarar Samnangerløpet. Dei fleste tok turen tur-retur Nesodden, men mange gjekk og til Hedlo.

24 born sprang barneløypa og 9 deltakarar stilte til start i langløypa. Per Arne Aadland vann herreklassen på tida 35:06 og Marianne Nesbø Aadland vann dameklassen på tida 40:29.

Deltakarpremie for 30 gongar: Else Totland

Deltakarpremie for 20 gongar: Per Arne Aadland

Deltakarpremie for 10 gongar: Elvin Olsnes Frøland, Rune Litangen, Sanna Litangen, Oda Reistad

Friidrettsgruppa vil takka Safa, Solheim Autoservice, Bjørkheim Kro og Motell, Spar Bjørkheim, Sans og Samning, Kiwi Bjørkheim, Sparebanken Vest og Tine for flotte trekkepremiar.

Resultat_Barneløypa

Resultat lang løype