trim stort

 

  

Raudvatnet opp 2017

Mandag 5. juni 2017 blir Raudvatnet Opp arrangert for 10. gong.
Konkurranseklassen startar kl 11:00 (fellesstart). Trimmarane kan starta frå kl 09:00 fram til 10:30.
Alle som deltek får flotte premie

Påmelding:
På epost til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. innan kl. 20:00 søndag 04.06.
For oss som arrangør er det ein stor fordel at flest mogleg nyttar seg av førehandspåmeldinga :)
Det vil også vera mogleg å melda seg på løpsdagen fram til kl 10:30.

Klassar : Jenter / Gutar 12-17 år, Damer/Menn 18 År +, Trimklasse

Startkontingent: 150 kr. Familie 300 kr.  Trim kr 50.

Premiering : Pengepremie til beste løpar under og over 18 år (1000 kr).  Pengepremie også ved løyperekord (gjeld både dame og herre 1000 kr). Nr 2 og 3 får den flotte handduken vår. Det blir i tillegg trekning på startnummer.

Løpsinfo : Starten går på motsatt side av vegen ved BIR sin gjenbruksstasjon i Raunekleiva (mellom Gullbotn og Ådland). Løypa er 4 km. Stigning er 425 m. Første del går på skogsveg før ein går over på god sti. Løypa er stort sett alltid tørr og fin. Det er jamn fin stigning gjennom heile løypa. Mål ved sørsida av Raudvatnet. Løypekart finn ein her (sjå bort frå tekst-infoen i vedlegget-den er frå 2014).

VÆR VARSAM VED KRYSSING AV HOVEDVEG FØR OG ETTER LØPET

Diverse praktisk info : Parkering , følg anvisning frå parkeringsvakter (enten langs gamlevegen eller inne på BIR sitt område). Det er ikkje garderobe. Det blir satt opp ute-toalett.

Kontaktpersonar: Arne Erdal 94867447, Anne Gro Aadland 47231458

 


Løyperekord i 2016

 Joel Dyrhovden sette løyperekord med tida 19:55 - og det dagen etter at han tok ein sterk 4. plass i NM motbakkeløp (Molden opp).
Sondre Øvre-Helland vart nummer 2 av herrane med tida 21:09 og 3. plass gjekk til Leif Bjørn Grindedal med tida 21:54.

Starten 02 red
Joel i føringa frå start.

Therese Sjursen frå Bergen Løpeklubb vann dameklassen med tida 26:29. Nummer 2 vart Marita Nygård (27:11) og 3. plass gjekk til Inger Gro Lien (29:33)
Therse Sjursen og hunden Emil Red
Therese Sjursen med hunden Emil:)

Dei yngste imponerte
13 år gamle Mia Holdhus sprang i konkurranseklassen for fyrste gong, og kom i mål på den gode tida 32:36.
Yngste deltakar, Halvor Langeland, vert 12 år i oktober og er dermed akkurat gammal nok til å vera med i konkurranseklassen. Han leverte eit strålande løp med tida 30:41. 

Resultat sjå her.

 

Gode tider i 2015

Sara-Rebekka Færø Linde og Håvard Austevoll var første jente og gut opp til Raudvatnet, men begge rekordane overlevde. Sara-Rebekka kom i mål på 26.35, 1 sekund før Vigdis Reigstad med Nora Midtun på tredje plass med 31.26. Håvard kom i mål på 20.50, 10 sekund før Espen Roll Karlsen. Tredjeplassen gjekk til Nikolai Hanevik på 22.25. Resultat sjå her

 

2014

Sondre Øvre-Helland vann også i år.Tida vart 21:43. Han var tett fulgt av Ketil Monsen (21:47 og Geir S Skaten 21:48) Vigdis Gaupholm Reigstad  (27:11) blei vinnar av dameklassen foran Solveig Torsvik og Bertine Helene Færø.
    
DSC 0447 640x480

DSC 0452 640x480

Starten 2014 640x384

Joel over mål kopiBilete: Joel Dyrhovden over mål linja som vinner i 2011. Han har vunnet 4 av løpa. I 2010 vann Asbjørn Berland med tida 20:01, 1 sekund føre Joel. Denne tida er fortsatt løyperekord, og spurtduellen mellom kamphanane kan ein sjå på Youtube.


Tidlegare resultat:

Kart:

gulesider kartbilde

2013:

Beste kvinner 2013Beste menn 2013 

Elise Vikne mot mål. Ho har vunne dei 3 siste åra, og innehar løyperekorden for damer. med tida 25:36 (satt i 2013):

Raudvatnet Elise Vikne kopi kopi kopi kopi

 


Vel møtt til ein hyggeleg tur/løp :)