trim stort

 

  

Løyperekord på Raudvatnet opp 2016

Mange spreke folk ved Raudvatnet søndag 19. juni

Joel Dyrhovden sette løyperekord med tida 19:55 - og det dagen etter at han tok ein sterk 4. plass i NM motbakkeløp (Molden opp).
Sondre Øvre-Helland vart nummer 2 av herrane med tida 21:09 og 3. plass gjekk til Leif Bjørn Grindedal med tida 21:54.

Starten 02 red
Joel i føringa frå start.

Therese Sjursen frå Bergen Løpeklubb vann dameklassen med tida 26:29. Nummer 2 vart Marita Nygård (27:11) og 3. plass gjekk til Inger Gro Lien (29:33)
Therse Sjursen og hunden Emil Red 
Therese Sjursen med hunden Emil:)

Dei yngste imponerte
13 år gamle Mia Holdhus sprang i konkurranseklassen for fyrste gong, og kom i mål på den gode tida 32:36.
Yngste deltakar, Halvor Langeland, vert 12 år i oktober og er dermed akkurat gammal nok til å vera med i konkurranseklassen. Han leverte eit strålande løp med tida 30:41. 

Resultat sjå her.

Deltakinga i konkurranseklassen var noko lavare enn tidlegare år. I trimklassen derimot var det aukande deltaking - over 90 trimmarar!

Bilete kjem snart.