trim stort

 

  

Resultat Raudvatnet opp 2017

Eli Anne Dvergsdal med ny løyperekord!

Eli Anne Dvergsdal, IL Gular, vann dameklassen suverent med tida 24:14, og sette ny løyperekord. I ein ellers sterk dameklasse vann ho føre Therese Sjursen og Karin Hilstad.
Sondre Øvre-Helland, TIF Viking vann herreklassen med tida 22:11 føre Anders Kjærevik og Magnus Morskogen

Nora Midtun frå IL Fri vann jenteklassen med god tid, 30:50. Raskast av gutane var Vetle Martinsen Frå Fana IL med tida 24:29, deretter fylgde Erik Vaktskjold og Aleksander Heimdal.

Komplett resultatliste finn ein HER.

Ellers stilte 82 trimmarar i tillegg til 42 i konkurranseklassen opp på arrangementet som vart litt våtare enn arrangøren hadde håpa på.

Friidrettsgruppa vil takka sponsorar for støtte gåver til trekkepremiar:
Spareanken Vest, BKK, Tine, Safa, Best Bjørkheim, Bjørkheim Kro & Motell.

P6050735-kopi 640x637P6050736-kopi 609x640P6050737-kopi 435x640