Kven er vi til for?
Samnanger IL Fotballgruppa skal gje eit positivt aktivitetstilbod for alle gutar og jenter over 6 år i Samnanger som ønskjer å spela fotball. Gruppa vil òg jobba aktivt for kunstgrasbane der det i dag er grusbane.
Fotballgruppa skal:
- primært ha søkjelys på breiddeidretten og sørgja for at jenter og gutar får det same tilbodet
- òg leggja til rette for sportsleg suksess og utvikling for junior- og seniorspelarar i eigen klubb, gjerne i samarbeid med andre klubbar
Topping av lag skal ikkje prioriterast i barnefotballen i Samnanger, det vil seia opp til 12 år. Over 12 år kan topping skje, men trenaren bør samstundes ha søkjelys på at alle får vera aktive.
Kva skal vi gjera for medlemmene, og kvifor?
- Førebyggjande arbeid
- Gje eit fritidstilbod
- Sportsleg utvikling
- Skapa god klubbkjensle og samhøyrsle
Fotballgruppa har eit ansvar for å ta vare på dei som ønskjer å spela fotball i Samnanger. Det gjer vi ved å gje medlemmene eit godt sportsleg og sosialt tilbod med engasjerte trenarar og lagleiarar, tilpassa dei ulike årsklassane. Gjennom dette arbeidet skal vi skapa godt kameratskap og eit positivt miljø. Miljøet som vert bygd, skal verka førebyggjande for ungdom, særleg når det gjeld doping, alkohol, tobakk, mobbing, rasisme og vald. Det skal òg leggjast til rette for andre tilbod som held ungdomane lengst mogleg i klubben, til dømes ungdomsleirskule, dommarutdanning og trenarutdanning.
Framgangsfaktorar og hovudutfordringar
Samhald og klubbkjensle: Fotballgruppa skal halda fram arbeidet med å byggja eit godt klubbmiljø. Medlemmene våre vert oppmoda til å koma med innspel som kan bidra til positiv utvikling av klubbmiljøet, slik at ingen vert mobba, kjenner seg utestengde eller ikkje velkomne. Gruppa skal arbeida for å laga retningslinjer for handtering av mobbing, rasisme og vald. Tillitsvalde, trenarar og lagleiarar vert oppmoda til å delta på fellestiltak i eigen klubb og i regi av krets og forbund.
Anlegg: Talet på lag i gruppa har auka kvart år, og med det følgjer krav til treningstider og gode anlegg. Fotballgruppa skal arbeida aktivt saman med hovudstyret i idrettslaget for å leggja til rette for fleire og betre anlegg, mellom anna fleirbrukshall. Gruppa skal òg arbeida for større forståing blant laga for dei disposisjonane som må liggja til grunn for bruk av eksisterande anlegg.
Mål
Sportslege mål:
- Fotballgruppa skal ha hovudfokus på breiddefotball
- Fotballgruppa skal vera aktiv i Fair Play-satsinga til kretsen
- Sjå elles sportsplanen
Andre mål:
- Betra den interne kommunikasjonen i fotballgruppa
- Vidareutvikla ein god administrasjon av fotballgruppa
- Skapa gode handlingar i alle ledd i gruppa
- Ta initiativ til fotballskule for dei minste
Aktivitetar og framdrift

Organisasjon
Fotballgruppa sitt styre er organisert slik:
