Hopp til innhald
Samnanger IL
Samnangerrennet i Totræna vinterpark

Samnanger IL

Langrenn

Skikarusell, Samnangerrennet og løyper i Totræna.

Kva skjer

Terminliste

Heile terminlista

Renna vert henta frå totræna.no ↗

Siste nytt

Nyheiter frå langrenn

Alle nyheiter
Langrenn

Trening .

Trening rulleski. Bjørkheim 1. sepember 2026 kl. 18.00 barn under 12 år. vaksne kl. 19.00.

Les meir

Om gruppa

Langrenn i Samnanger IL

Om oss

Velkomen til langrennsgruppa i Samnanger IL! Me har eit godt skimiljø med utøvarar i alle aldrar, og brukar Totræna Vinterpark til skiaktivitetane våre.

Bli med i facebook-gruppa Totræna Vinterpark – Samnanger Langrenn, og meld deg inn i spond-gruppa vår – der vert all trening lagd ut. Løypestatus for Totræna finn du på totræna.no.

Trening

Me tilbyr langrennstrening for alle som vil lære å gå på ski, med organisert trening for aldersgruppene 6 til 16 år. Me har òg kurs for vaksne. All trening vert lagd ut i spond-gruppa.

I skisesongen er det skitrening, medan resten av året er det barmarkstrening og innetrening.

Opp til 10 år: For dei yngste går treningane frå august til april. Me startar med innetrening og barmarkstrening, før me går over på snø når han kjem.

11 år og eldre: For aldersgruppa 11 til 16 år er det trening gjennom heile året. Me startar som regel med barmarkstrening i mai, og går over på snø så fort han kjem. I september/oktober startar òg innetreninga, som er populær blant vaksne òg.

Samlingar: I månadsskiftet november/desember arrangerer me samling på Geilo – ei utruleg kjekk og sosial samling.

Utstyr: Alt du treng er eit par ski, skisko og stavar – og treningstøy til kalde vinterdagar. Når det ikkje er snø, er det joggesko som gjeld. Ungdomane går òg på rulleski.

Renn og arrangement

Langrennsgruppa arrangerer fleire kjekke skiaktivitetar gjennom heile vinteren – og alle kan vere med!

Samnangerrennet vert arrangert kvart år, som regel i januar. Rennet går i fristil og trekkjer til seg rundt 200 deltakarar frå heile kretsen.

Karusellrenn for alle aldersgrupper gjennom heile vinteren. Det er klassar for dei som vil gå på tid, og trimklassar der du sjølv vel kor langt du vil gå.

Skilek for born med spennande utfordringar i løypa. Her handlar det om å ha det kjekt på ski med sosialt samvær.

Påmelding: Skilek (Telenor-karusellen) har inga digital påmelding – møt opp ved skistadion og få eit startnummer. Karusellrenna har digital påmelding på førehand, men etterpåmelding på stadion er mogleg om du møter i god tid før rennstart.

Drift og løypemaskin

I tillegg til styret og trenarane er det mange som gjer ein fantastisk jobb med å drifte Totræna, sommar som vinter. Om sommaren skal graset klippast og skog fjernast, og det vert gjort mykje dugnad og oppgradering av anlegget. Om vinteren er det først og fremst preparering av løypene som tek mesteparten av tida.