Hopp til innhald
Samnanger IL
Barn klare til start under terrengløp

Samnanger IL

Friidrett

Terrengløp, Samnangerløpet, løpegruppe, vinterkarusell og SM i friidrett.

Kva skjer

Terminliste

Heile terminlista
Vis alle 7 kommande

Siste nytt

Nyheiter frå friidrett

Alle nyheiter
Friidrett

Samnangermeisterskap i friidrett 13. september

Sundag 13. september er det Samnangermeisterskap i friidrett i Hagabotnane. Påmelding frå kl. 12:30, start kl. 13:15. Løping, hopp og kast – medaljar til alle borna, og det er mogleg å ta idrettsmerket.

Les meir
Friidrett

Resultat frå Sommarkarusellen 5 og 10 km

Resultatliste frå Sommarkarusellen 28. august: Daniel Tysse vann 10 km på 45:53, Caroline Moss Langeland vann 5 km på 24:53. Tusen takk til alle som stilte opp!

Les meir
Friidrett

Samnangerløpet 2026 – 44. utgåve

Endå ein gong ein flott aktivitetsdag i Samnanger! Den 44. utgåva av Samnangerløpet er gjennomført med heile 87 deltakarar. Joar Nøkleby Lemme og Marianne Nesbø Ådland vann konkurranseklassen på 10 km.

Les meir

Om gruppa

Friidrett i Samnanger IL

Om oss

Velkommen til friidrett! Me har fleire løp og arrangement gjennom heile året. Har du lyst på organisert trening, sjå løpegruppa.

Løp og arrangement

Terrengløp: Vår, sommar og haust er det terrengløp på forskjellige plassar i bygda. Premiar til alle ved sesongslutt og medaljar på SM.

Samnangerløpet (mila): Tradisjonsrikt løp med trim, barneklasse og konkurranse. Medaljar til alle borna.

SM – Friidrett: Eit utruleg artig arrangement som heile familien kan vera med på! Løping (60 m, 400 m, 3000 m), hopp (lengde og høgde) og kast (kule, ballkast og spyd). Medaljar til alle borna, og det er mogleg å ta idrettsmerke.

Vinterkarusellen: Om vinteren vert vinterkarusellen arrangert ca. annakvar fredag på Nesodden kl. 19:00. Hugs refleksvest!

Stoltzen opp: Samnanger IL har for vane å stilla sterkt i Stoltzekleiven opp, som oftast siste helga i september. Ta kontakt om du vil vera med!

Gullspretten – Gullfjellet rett opp: Motbakkeløp til Bergens høgaste topp, arrangert av friidrettsgruppa. Les meir om Gullspretten.

Samnanger IL Løpegruppe: Heilårsløping for alle! Fellestreningar, Sommerkarusellen og Vinterkarusellen. Fokus på løpeglede og fellesskap, med mål om å delta på andre arrangement utanfor bygda.

Løpegruppa

Samnanger IL – Løpegruppe vart etablert i 2026 som ei undergruppe av friidrettsgruppa, for å skape eit inkluderande og sosialt løpemiljø i bygda. Alle nivå er velkomne – frå nybyrjarar til erfarne løparar.

Trening: Fast fellestrening kvar måndag kl. 18:10 i Hagabotnane (eventuelle endringar vert delte i Spond). I tillegg vert det intervalløkter, rolege langturar i helgane og trening mot 3000 m, 5 km, 10 km og halvmaraton.

Bli med: Nye kan prøve to treningar gratis. For å delta fast må ein vere medlem i Samnanger IL og registrert i Min Idrett. Treningstider og økter vert delte i Spond-gruppa: Bli med i Spond-gruppa ↗

Løp og arrangement: Løpegruppa jobbar med å utvikle Samnangerløpet, og arrangerer vinterkarusell (november–mars) og sommarkarusell (april–oktober). Når ein deltek i løp representerer ein Samnanger IL, eventuelt med lag «Samnanger IL – Løpegruppe».

Verdiar: Inkludering, treningsglede, fellesskap og respekt. Møt presis, ta omsyn til gruppa, og bruk refleks når me spring på veg i mørket.

Kontakt: Ansvarleg for løpegruppa er Håvard Tvedterås, saman med Frank-Georg Jørgensen Davidsen og Svein Knapskaug. Det er plass til fleire!

Løpegruppa – reglar for trening

1. Inkludering

Samnanger IL – Løpegruppe skal vere eit inkluderande miljø. Alle skal:

  • føle seg velkomne
  • bli møtt med respekt
  • kunne delta uansett nivå

2. Respekt

Alle deltakarar skal vise respekt for:

  • andre løparar
  • trenarar
  • arrangørar
  • trafikk og omgjevnader

3. Felles trening

På fellesøkter gjeld følgjande:

  • møt presis
  • gi beskjed dersom du må bryte ei økt
  • ta omsyn til gruppa

4. Trafikkreglar

Ved løping på veg skal gruppa:

  • følgje trafikkreglane
  • bruke refleks i mørket
  • ta omsyn til andre trafikantar

5. Representasjon

Når medlemmer deltek i løp skal dei representere klubb: Samnanger IL, eventuelt med tillegg som lag: Samnanger IL – Løpegruppe. Dette bidreg til å byggje klubbidentitet.

6. Fair play

Alle deltakarar skal opptre i tråd med verdiane til idretten:

  • ærleg konkurranse
  • respekt for andre
  • god sportsånd

7. Sosialt miljø

Løpegruppa skal bidra til eit godt sosialt miljø. Dette betyr:

  • oppmuntring til andre løparar
  • inkludering av nye medlemmer
  • positiv stemning på trening
Løpegruppa – vedtekter

§1 Namn

Gruppa sitt namn er Samnanger IL – Løpegruppe. Løpegruppa er organisert som ei undergruppe av Samnanger Idrettslag – Friidrett og Trim.

§2 Formål

Samnanger IL – Løpegruppe skal:

  • skape eit inkluderande og sosialt løpemiljø i Samnanger
  • vere eit lågterskeltilbod for alle som ønskjer å starte med løping
  • leggje til rette for utvikling for både mosjonistar og konkurranseløparar
  • bidra til aktivitet og folkehelse i lokalmiljøet
  • representere Samnanger IL i løpsarrangement

§3 Organisering

Samnanger IL – Løpegruppe er underlagd Samnanger IL Friidrett og Trim. Gruppa skal drivast i samsvar med lovverket til Norges Idrettsforbund og Norges Friidrettsforbund.

Løpegruppa skal ha ein ansvarleg leiar/trenar. Håvard Tvedterås er ansvarleg for løpegruppa.

§4 Medlemskap

For å vere fast deltakar i løpegruppa må ein:

  • vere medlem i Samnanger Idrettslag
  • vere registrert i Min Idrett

Nye deltakarar kan delta på to prøvetreningar før innmelding.

§5 Forsikring og lisens

Alle aktive medlemmer er forsikra gjennom medlemskap i Samnanger IL. Deltakarar som ønskjer å delta i konkurransar vert tilrådde å ha løpslisens frå Norges Friidrettsforbund – utvida forsikring gjennom NFIF, og ein slepp å betale eingongslisens på løp.

§6 Aktivitet

Løpegruppa skal arrangere fellestreningar, intervalløkter, langturar og deltaking i løp.

Fast fellestrening skal normalt vere måndag. Treningane kan gjennomførast på asfalt på avtalt stad gjennom Spond, eller på løpebana ved Hagabotnane idrettsanlegg.

§7 Representasjon

Medlemmer som deltek i konkurransar må representere klubb: Samnanger IL. Nokre løp kan leggje til lag: Samnanger IL – Løpegruppe. Særleg på distansar som 3000 m, 5 km, 10 km, halvmaraton eller lengre.

§8 Arrangement

Løpegruppa skal arbeide for å utvikle lokale løpsarrangement, særleg Samnangerløpet. Gruppa kan også arrangere vinterkarusell og sommarkarusell for å stimulere til meir aktivitet i lokalmiljøet.

§9 Klubbidentitet

Løpegruppa kan ha eigen logo (Samnanger IL – Løpegruppe) og klubbklede i Samnanger IL sine fargar. Medlemmer vert oppmoda til å bruke klubbklede i konkurransar og arrangement.

§10 Sponsorar

Løpegruppa kan inngå sponsoravtalar i samarbeid med Samnanger IL. Sponsorstøtte kan nyttast til løpeklede, arrangement, tidtakingsutstyr og aktivitet for medlemmer.

§11 Endring av vedtekter

Endringar i vedtektene skal godkjennast av Samnanger IL – Løpegruppe og forankrast i Samnanger IL Friidrett og Trim.

§12 Formål og verdiar

Samnanger IL – Løpegruppe skal byggje på verdiane inkludering, treningsglede, fellesskap, respekt og folkehelse. Alle skal kjenne seg velkomne – uansett nivå.

Løpegruppa – klubbhandbok

Samnanger IL – Løpegruppe, etablert i 2026, skal skape eit inkluderande løpemiljø for alle nivå i kommunen. Gruppa organiserer fellestreningar, motiverer til deltaking i løp og arbeider for meir aktivitet, fellesskap og utvikling gjennom trening, arrangement og samarbeid i Samnanger IL.

1. Om løpegruppa

Samnanger IL – Løpegruppe vart etablert i 2026 for å skape eit sterkt og inkluderande løpemiljø i kommunen. Målet er:

  • fleire som trenar saman
  • fleire som deltek i løp
  • meir aktivitet i bygda

Alle nivå er velkomne.

2. Verdigrunnlag

Løpegruppa byggjer på fire verdiar:

  • Inkludering – alle skal kunne delta uansett nivå
  • Treningsglede – fokus på meistring og glede ved løping
  • Fellesskap – løping er sosialt, me trenar saman
  • Utvikling – medlemmer skal få høve til å utvikle seg

3. Organisering

Løpegruppa er organisert under Samnanger IL Friidrett og Trim. Ansvarleg for gruppa er Håvard Tvedterås, med høve til fleire ansvarlege.

Oppgåver: treningsopplegg, koordinering av økter, utvikling av gruppa og kontakt mot friidrettsgruppa.

4. Treningstilbod

  • Fellestrening – vanlegvis måndagar
  • Intervall – strukturert trening for å utvikle fart
  • Rolege turar – sosiale langturar i helga
  • Konkurranseførebuing – trening mot 3000 m, 5 km, 10 km, halvmaraton eller lengre løp

5. Medlemskap

For å delta fast må ein vere medlem i Samnanger IL og registrert i Min Idrett. Nye deltakarar kan prøve to treningar gratis.

6. Konkurranse

Medlemmer vert oppmoda til å delta i løp. Når ein deltek må ein representere klubb: Samnanger IL, eventuelt med tillegg Samnanger IL – Løpegruppe.

Aktuelle distansar: 3000 m, 5 km, 10 km, halvmaraton eller lengre løp. Hovudområde: gateløp og bane.

7. Arrangement

Løpegruppa ønskjer å utvikle lokale arrangement. Planlagde arrangement:

  • Samnangerløpet – gruppa sitt hovudarrangement
  • Vinterkarusell – november til mars
  • Sommarkarusell – april til oktober

8. Klubbklede

Løpegruppa skal arbeide for å få på plass løpetrøye, singlet og jakke med Samnanger IL – Løpegruppe-logo.

9. Sponsorar

Gruppa kan søkje sponsorar til løpeklede, arrangement, tidtaking og utstyr.

10. Framtidsmål

Samnanger IL – Løpegruppe skal arbeide for fleire aktive løparar, større deltaking i løp, sterkare treningsmiljø og vekst i Samnangerløpet.

Oppdatert 24.03.2026. Ansvarleg: Håvard Tvedterås.