Hopp til innhald
Samnanger IL
O-løparar på veg til start i Samnangermeisterskapet

Samnanger IL

Orientering

Lokale løp kvar onsdag frå påske til haustferien.

Kva skjer

Terminliste

Heile terminlista

Siste nytt

Nyheiter frå orientering

Alle nyheiter
Orientering

Terminliste o-gruppa 2026

Vel møtt til ein ny sesong med leik og kniving i skog og på veg. Løpa går på onsdagar med start mellom 18 og 19. Det er 3 løyper å velje mellom, nybegynner, mellom og lang. Me prøver oss med ranking i år, altså samanlagtpremiering. Det er mogleg å gå/springe utan tidtaking, og arrangøren hjelper …

Les meir
Orientering

Referat frå årsmøte i o-gruppa

Nytt styre i o-gruppa er Rune Erdal (leiar), Per Arne Aadland (kartansvarleg), Erik Høysæter (kasserar) og Arild Røen (stolpejakt og tur-o). Referat frå årsmøte i o-gruppa 4. mars 2026 på Bjørkheim Kro, kl. 18-20. Godt oppmøte. Referent: Ida Johanne. 1. Årsmøtesaker 2. Planlegging av årets løp 3. Ka

Les meir
Orientering

Årsmøte i o-gruppa 4. mars

Det blir årsmøte i o-gruppa onsdag 4. mars klokka 18-20 på Bjørkheim Kro. Det blir pizza og brus og forhåpentlegvis mange fruktbare diskusjonar om årets sesong. Plan for møtet: 1. Årsmøtesaker 2. Planlegge årets løp: lokale løp og Hamla og Kompis 3. Plan for kartarbeid i 2026 4. Innkjøp av nye drakt

Les meir

Om gruppa

Orientering i Samnanger IL

Om oss

Store delar av skog- og fjellområda i Samnanger er som skapte til å utfordra orienteringsløparar, og dagens gode o-kart er kanskje dei beste idrettsanlegga me har. Dei er ikkje berre til glede for våre eigne og andre skogtravarar her vest – Samnanger har også fleire gonger vore arena for nasjonale o-løp.

Bjarne Hauge – idrettsmannen og læraren – har med rette fått heiderstittelen «far til o-sporten i Samnanger». Same året som han flytte til Samnanger, 1968, hadde han fått smaken på o-sport gjennom eit kurs på Hatlestrand. Alt våren etter hadde han laga eit o-kart i svart/kvitt over Hagabotnane, skipa til nybyrjarkurs og arrangerte treningsløp. Gjengen vart innmeld i Hordaland o-krets og Norges Orienteringsforbund, og 1969 vart ståande som skipingsåret for o-gruppa i SIL.

I 1970 kom eit nytt kart i 1:15 000, og i 1971 stod SIL sjølv som arrangør for første gong. Revolusjonen kom i 1972 med kartet «Fitjavatnet» i fire fargar, synfare og teikna av Bjarne. Året etter, 1973, var så godt som heile den nordiske eliten på plass i Nordbygda – ein folkefest der mange samningar fekk augo opp for o-sport.

Bjarne har vore leiar i o-gruppa i fleire periodar, men ungdomane har også teke ansvar: både Arild Røen og Håkon Skulstad var berre 15 år då dei tok på seg leiarvervet.

Lokale løp

O-gruppa arrangerer omtrent ti lokale løp mellom påske og haustferien. Start på kvardagsløpa er mellom klokka 18 og 19, og løypene er nybyrjar, mellom og lang. Det går også an å vera med i turklassen (valfri løype utan tidtaking). Søndagsløpa er på føremiddagen.

Lokale løparar treng ikkje melda seg på – berre møt opp! Løparar frå andre klubbar er velkomne, men me ber om at de melder dykk på slik at me har nok kart. Meir informasjon om kvart løp vert delt i Facebook-gruppa «Samnanger IL orientering».

Har du lyst til å prøva deg i o-løypa, er usikker eller har spørsmål? Ta gjerne kontakt med nokon i styret! Sjå elles Eventor for terminliste og treningsmoglegheiter i kretsen.

Terminliste lokale løp 2025
Kretsløp

I tillegg til dei lokale løpa har me to årlege kretsløp, Hamla Grand Prix og Kompisstafetten. Som oftast går dei same helga i mai–juni.