Hopp til innhald
Samnanger IL
Friidrett

🎄🏃‍♂️Påmelding til SAMNANGER ROMJULSHALVMARATON🎅

🎄🏃‍♂️Påmelding til SAMNANGER ROMJULS HALVMARATON🎅

Har du lyst til å avslutte jula med ein skikkeleg fin løpeoppleving? Då håpar me du blir med på Samnanger Romjulshalvmaraton!

Me inviterer til halvmaraton på 3. juledag, med start og mål ved Ådland kyrkje.

📅 Dato: 27.12.2026

⏰ Start: Kl. 11.00

📍 Stad: Ådland kyrkje

🏃 Distanse: 21,1 km – Ådland–Frøland tur/retur

Dette får du:

🏅 Medalje til ALLE deltakarar!

✅ Kontrollmålt løype av NFIF

⏱️ Tidtaking

🥤 2 drikkestasjonar undervegs

🎁 Gratis deltaking!

Me ønskjer å leggje til rette for ei kjekk romjulssamling der løpeglede og fellesskap står i sentrum. Her er det plass til både raske bein og dei som ønskjer å bruke litt lengre tid på turen!

VIKTIG PÅMELDING

Påmelding skjer via Spond-link.

Frist: 22.12.2026 kl. 23.59.

https://spond.com/discover/nb-no/events/68DA8426591142F3981FA119378D53BA

⚠️ Avgrensa tal på plassar – her gjeld det å vere tidleg ute!

Løpet er sponsa av Sparebanken Norge. Tusen takk for støtta!

Me håpar å sjå deg på startstreken 3. juledag! ❤️

Arrangør: Samnanger IL Løpegruppe

19739

Meir frå Friidrett

Vinterkarusellen

Bli med førstkommande fredag på årets første løp! Du vel sjølv om du vil springa 2 eller 5 km. 📅 Følg med på terminlista for datoar og løp gjennom heile sesongen. 👟 Du finn Samnanger IL Løpegruppe både på Facebook og Spond. https://spond.com/invite/KQUCS Hugs at løpegruppa er lågterskel, gratis og

Les meir →

Sommerkarusell 5/10km

Nok ein bra gjennomført 5 og 10km løp. 09.10.2026. Start/Mål Nesodden. Takk til alle som deltok Neste løp er avslutning Sommerkarsuell med 3000m i Hagabotnane. Sjekk ut terminlista for tid/sted. Og i november starter vinterkarusellen opptatt. Velkommen til alle som vil vere med. Husk at din største

Les meir →

🏃‍♂️🏃‍♀️ Fellestrening , alle er velkomne!

Samnanger IL Løpegruppe inviterer til fellestrening i Hagabotnane. 📅 Tid: kl. 18.10 📍 Stad: Hagabotnane Enten du er nybegynnar, mosjonist eller ein erfaren løpar, er du hjartleg velkomen! Me legg opp treninga slik at alle kan delta ut frå sitt eige nivå. Det viktigaste er å kome seg ut, få ei god øk

Les meir →