Hopp til innhald
Samnanger IL
Friidrett

Joel med solid innsats i EM motbakkeløp

Joel Dyrhovden deltok forrige helg på EM i motbakkeløp i Annecy, Frankrike.
Det var både vått, kaldt og snø – Med andre ord på «heimebane» for ein Samning!

Fredagen var det eit reint motbakkeløp, 7,4 kilometer og 950 høgdemeter. Joel låg godt an på 9.plass halvvegs, men mot slutten flata det ut litt og beina blei stive. Det holdt til ein solid 23.plass, fire og eit halv minutt bak vinnaren og nest best av nordmenna.

Sundagen var det 16 kilometer fjelløp. Cirka 1000 høgdemeter opp og ned. Sjølv uttaler han at motbakke er hans spesialitet, medan det motsette ikkje er noko han har trent spesifikt til å meistra. På toppen låg han som nummer 20, men på veg ned igjen tok krampen han og det enda på ein 35.plass, av 66 startande.

«No skal eg roa ned i ein periode før eg ladar opp til Stoltzekleiven. Kva det vert til vidare får me sjå etter kvart.», seier Joel sjølv om vidare satsing. Det er ikkje så mange som har to EM og eitt VM på merittlista, og det er slett ikkje utenkeleg at det blir fleire.

Meir frå Friidrett

Sommerkarusell 5/10km

Nok ein bra gjennomført 5 og 10km løp. 09.10.2026. Start/Mål Nesodden. Takk til alle som deltok Neste løp er avslutning Sommerkarsuell med 3000m i Hagabotnane. Sjekk ut terminlista for tid/sted. Og i november starter vinterkarusellen opptatt. Velkommen til alle som vil vere med. Husk at din største

Les meir →

🏃‍♂️🏃‍♀️ Fellestrening , alle er velkomne!

Samnanger IL Løpegruppe inviterer til fellestrening i Hagabotnane. 📅 Tid: kl. 18.10 📍 Stad: Hagabotnane Enten du er nybegynnar, mosjonist eller ein erfaren løpar, er du hjartleg velkomen! Me legg opp treninga slik at alle kan delta ut frå sitt eige nivå. Det viktigaste er å kome seg ut, få ei god øk

Les meir →

Resultat Sommerkarusellen 25.09

Resultatliste frå dagens løp Takk til alle som var med. Neste gang 09.10 er det ny runde med 5kilometer og me utvider til 10k også denne kvelden siden alle valgte kort i dag pga diverse løp i nær fremtid. Noen som klarer å utfordre Inge Magnar Skjerven Hauståker sin 2 løyperekord for sesongen

Les meir →