Nytt styre i o-gruppa er Rune Erdal (leiar), Per Arne Aadland (kartansvarleg), Erik Høysæter (kasserar) og Arild Røen (stolpejakt og tur-o).
Referat frå årsmøte i o-gruppa 4. mars 2026 på Bjørkheim Kro, kl. 18-20. Godt oppmøte. Referent: Ida Johanne.
1. Årsmøtesaker
- Årsmeldinga vart godkjent med mindre korreksjonar
- Rekneskap for 2025 vart godkjent. Vanleg drift gjekk i pluss, men me går 48’000 kr i minus totalt pga. satsing på kartarbeid (67’000 kr)
- I budsjettet for 2026 gjorde me nokre små endringar:
- 150 nye timar med kartarbeid (70’000 kr ut)
- Innkjøp av 50 nye drakter (20’000 kr ut) og sal av cirka 20 drakter (10’000 kr inn).
- Reisekostnadar ned frå 10’000 til 3000 fordi me ikkje har unge aktive løparar som reiser på samling.
- Premiar opp frå 5000 kr til 10’000 kr fordi me ikkje hadde premiar på Hamla i fjor.
- Val av nytt styre:
- Leiar: Rune Erdal (ny)
- Kartansvarleg: Per Arne Aadland (ny)
- Stolpejakt og tur-o: Arild Røen
- Kasserar: Erik Høysæter
2. Planlegging av årets løp
- Hamla og Kompis: Løpsleiar Arild og løypeleggjarar Martin (Hamla) og Rune (Kompis)
- SM: Trond
- Lokale løp: Rune set opp eit forslag med datoar og terreng.
3. Kartarbeid 2026
Me prioriterer å få synfare området mellom Aldalselva, vegen rundt Haukaneset og skogsvegen på Ådland, Bjøråsen, Buhilderen og Tronivatnet. Andreprioritering er området vidare vestover mot Raudvatnet. Sjå vedlegg for kartutsnitt.
4. Drakter
Pris- og designforslag frå Oland, Noname og Trimtex vart lagt fram. Avtroppande leiar undersøkjer litt meir detaljar før me bestiller. Me bestiller cirka 50 t-skjorter, om nokon vil ha anna melder dei ifrå.
Vedlegg: Godkjent årsmelding, rekneskap og budsjett, samt kartprioriteringar for 2026.


