Hopp til innhald
Samnanger IL
Orientering

Årsmøte i o-gruppa 4. mars

Det blir årsmøte i o-gruppa onsdag 4. mars klokka 18-20 på Bjørkheim Kro. Det blir pizza og brus og forhåpentlegvis mange fruktbare diskusjonar om årets sesong. 

Plan for møtet: 

1. Årsmøtesaker

  • Godkjenning av årsmeldinga
  • Godkjenning av rekneskap for 2025 og budsjett for 2026
  • Val

2. Planlegge årets løp: lokale løp og Hamla og Kompis

3. Plan for kartarbeid i 2026

4. Innkjøp av nye drakter

Ta gjerne ein titt på årsmeldinga og tenk gjennom kva du ønskar av sesongen på førehand, og så ser me kor mykje me rekk å bli einige om. Om du ikkje kan stille på møtet kan du sende Ida Johanne (ida.johanne.aadland@gmail.com) innspel på førehand.

Vel møtt!  

Årsmelding o-gruppa 2025 (1) (1)Last ned

Meir frå Orientering

Orientering

Terminliste o-gruppa 2026

Vel møtt til ein ny sesong med leik og kniving i skog og på veg. Løpa går på onsdagar med start mellom 18 og 19. Det er 3 løyper å velje mellom, nybegynner, mellom og lang. Me prøver oss med ranking i år, altså samanlagtpremiering. Det er mogleg å gå/springe utan tidtaking, og arrangøren hjelper …

Les meir
Orientering

Referat frå årsmøte i o-gruppa

Nytt styre i o-gruppa er Rune Erdal (leiar), Per Arne Aadland (kartansvarleg), Erik Høysæter (kasserar) og Arild Røen (stolpejakt og tur-o). Referat frå årsmøte i o-gruppa 4. mars 2026 på Bjørkheim Kro, kl. 18-20. Godt oppmøte. Referent: Ida Johanne. 1. Årsmøtesaker 2. Planlegging av årets løp 3. Ka

Les meir
Orientering

Eit samnangermeisterskap med mykje folk på kryss og tvers

Søndagens samnangermeisterskap i orientering hadde ei god ingrediensliste: stor fart, mange deltakarar, kjekt «kaos» og mange velfortente premiar. Det var stor suksess med SM på Kvamskogen med heile 64 løparar på start. Størstedelen var rett nok ikkje samningar, men det er veldig kjekt at andre vert

Les meir