
O-gruppa inviterer til ein uhøgtidleg 3000 meter i Hagabotnane søndag 30. mars.
Dette blir den første av tre felles formsjekkar denne sesongen, dei neste to blir 29. juni og 14. september. Me køyrer fellesstart klokka 15, men her konkurrerer me mest mot oss sjølv.
Heider og ære (og kanskje eit par Safa-sokkar?) til den med prosentvis mest forbetring gjennom året! I morgon løner det seg altså for dei i dårleg form å møte opp.
Vel møtt til o-løparar og andre som treng ein tilstandsrapport før sesongstart!

