Hopp til innhald
Samnanger IL
Orientering

Eit samnangermeisterskap med mykje folk på kryss og tvers

Søndagens samnangermeisterskap i orientering hadde ei god ingrediensliste: stor fart, mange deltakarar, kjekt «kaos» og mange velfortente premiar.

Det var stor suksess med SM på Kvamskogen med heile 64 løparar på start. Størstedelen var rett nok ikkje samningar, men det er veldig kjekt at andre vert med når me først arrangerer.

Dag Terje hadde laga eit virrvarr av løyper, 33 i talet inkludert gaflingar, så det var løparar på kryss og tvers på fjellet. Her vart det lettsprunge, men slett ikkje enkel orientering.

I Nybyrjarløypa var det 15 lovande o-løparar som fann alle postane og fekk premie og gratis bollar og saft.

I mellomløypa var stilte Inger Gro opp etter lengre tid skade, og var best av alle damene, berre slegen av ein mann. Av samningane var det Torvald, Trygve og Eirik som kom på pallen.

I langløypa var Ida Johanne einaste dame frå Samnanger, og ho kom i mål nokre sekund etter beste dame etter å ha snubla i myra i innspurten. Dag Terje tilbydde løparar over 60 år å få ei litt kortare løype, og det gjorde spenninga litt større om SM tittelen. Trond sneik seg i mål eit drygt minutt før Per Arne, og Rune kapra bronsemedaljen.

God stemning og mange lovord om arrangementet, så tusen takk til Dag Terje og hjelparane, Helge og Bjarne. Og alle andre som stilte opp.

Alle resultat og tracking: https://eventor.orientering.no/Events/ResultList…

Meir frå Orientering

Orientering

Terminliste o-gruppa 2026

Vel møtt til ein ny sesong med leik og kniving i skog og på veg. Løpa går på onsdagar med start mellom 18 og 19. Det er 3 løyper å velje mellom, nybegynner, mellom og lang. Me prøver oss med ranking i år, altså samanlagtpremiering. Det er mogleg å gå/springe utan tidtaking, og arrangøren hjelper …

Les meir
Orientering

Referat frå årsmøte i o-gruppa

Nytt styre i o-gruppa er Rune Erdal (leiar), Per Arne Aadland (kartansvarleg), Erik Høysæter (kasserar) og Arild Røen (stolpejakt og tur-o). Referat frå årsmøte i o-gruppa 4. mars 2026 på Bjørkheim Kro, kl. 18-20. Godt oppmøte. Referent: Ida Johanne. 1. Årsmøtesaker 2. Planlegging av årets løp 3. Ka

Les meir
Orientering

Årsmøte i o-gruppa 4. mars

Det blir årsmøte i o-gruppa onsdag 4. mars klokka 18-20 på Bjørkheim Kro. Det blir pizza og brus og forhåpentlegvis mange fruktbare diskusjonar om årets sesong. Plan for møtet: 1. Årsmøtesaker 2. Planlegge årets løp: lokale løp og Hamla og Kompis 3. Plan for kartarbeid i 2026 4. Innkjøp av nye drakt

Les meir