Hopp til innhald
Samnanger IL
Orientering

Ein kjempesesong + rankingpremiar

Ein o-sesong med kjempedeltaking går mot slutten. Heile 90 samningar har vore gjennom ei o-løype i år. Det er kjekt å sjå at så mange har funne vegen inn i skogen – og ut att.

Samanlikna med tidlegare år, har det vore kjempemange deltakarar på o-løpa i år, særleg på grunn av mange nybyrjarar. Me håpar turane i skogen har gitt meirsmak, og at me ikkje har skremt vekk nokon.

Rankingpremiar

Dei som har delteke på tre eller fleire løp, får rankingpremie. Dei som har delteke på to løp, har framleis sjansen til å få premie om dei deltek på årets siste løp: Samnangermeisterskapen.

Born som har delteke på tre eller fleire løp, får også ei SIL-trøye dersom dei ikkje har dette frå før. Me har lite igjen av små storleikar på lageret, men held på å bestille nye, så dei som ikkje finn noko som passar på SM, skal få seinare.

Premiane blir delt ut på SM.

Turb-O i Totræna: Mange fekk prøva orientering for første gong då me arrangerte o-løp saman med Barnas Turlag.

Samnangermeisterskapen 28. september

Det gjenstår enno å kåre årets Samnangermeisterar. Her blir det fellesstart, spreiing og mykje moro i dei lengste løypene. For nybyrjarane er det ei N-løype som vanleg. Etter løpet blir det premieutdeling og noko å bita i.

SM går på Kvamskogen, meir info om tid og stad kjem. Påmeldinga er opna i Eventor, men ein kan sjølvsagt også berre møta opp.

Me minnar også om at det søndag 14. september klokka 12 er tredje og siste 3000-meter i Hagabotnane. Her er det den med prosentvis mest forbetring i løpet av sesongen som får med seg eit par Safa-sokkar heim.

Vel møtt!

Bjarne leiar an: Ein spent gjeng på veg til fellesstart på SM 2023.

Desse har delteke på tre eller fleire løp

Nybyrjarar: Ella, Vilde, Aron, Åsa, Lineah, Hermine, Amalie, Emrik og Oda.

Mellom: Eivind, Anne Gro, Cathrine og Mirjam.

Lang: Per Arne, Dag Terje, Rune, Kristian, Ida Johanne og Helge.

Desse har delteke på to løp

Nybyrjar: Sandra, Lukas, Sverre, Einar, Emil, Amalie, Naglis, Nilla, Lily, Even, Josefine, Alexander og Maila.

Mellom: Agne.

Lang: Martin og Trond.

Heile oversikta ligg i fila under. Ta kontakt med Ida Johanne (ida.johanne.aadland@gmail.com) dersom du finn feil.

Ranking 2025 – 2025 (1)Download

Meir frå Orientering

Orientering

Terminliste o-gruppa 2026

Vel møtt til ein ny sesong med leik og kniving i skog og på veg. Løpa går på onsdagar med start mellom 18 og 19. Det er 3 løyper å velje mellom, nybegynner, mellom og lang. Me prøver oss med ranking i år, altså samanlagtpremiering. Det er mogleg å gå/springe utan tidtaking, og arrangøren hjelper …

Les meir
Orientering

Referat frå årsmøte i o-gruppa

Nytt styre i o-gruppa er Rune Erdal (leiar), Per Arne Aadland (kartansvarleg), Erik Høysæter (kasserar) og Arild Røen (stolpejakt og tur-o). Referat frå årsmøte i o-gruppa 4. mars 2026 på Bjørkheim Kro, kl. 18-20. Godt oppmøte. Referent: Ida Johanne. 1. Årsmøtesaker 2. Planlegging av årets løp 3. Ka

Les meir
Orientering

Årsmøte i o-gruppa 4. mars

Det blir årsmøte i o-gruppa onsdag 4. mars klokka 18-20 på Bjørkheim Kro. Det blir pizza og brus og forhåpentlegvis mange fruktbare diskusjonar om årets sesong. Plan for møtet: 1. Årsmøtesaker 2. Planlegge årets løp: lokale løp og Hamla og Kompis 3. Plan for kartarbeid i 2026 4. Innkjøp av nye drakt

Les meir