Hopp til innhald
Samnanger IL
Orientering

Endringar i terminlista og vinnar av sommarferieløyper

Terminlista framover

Me har gjort nokre endringar i terminlista. Neste o-løp blir 23. august i Holmane. Start mellom klokka 14 og 15. Parkering mot avgift ved turparkeringa (Holmavegen 77). Det er tre løyper: nybyrjar, mellom og lang. Arrangør er Per Arne, tlf. 92 84 88 44.

Terminlista framover ser no slik ut:

  • 23. august: O-løp i Holmane
  • 3. september: O-løp i Hagabotnane
  • 14. september: 3000 meter i Hagabotnane
  • 28. september: Samnangermeisterskap på Kvamskogen

Vinnar av sommarferieløyper

Det er ti-femten personar som har meldt inn om at dei var gjennom sommarferieløypene ved Stemmevatnet. Dag Terje er trekt som vinnar av gåvekort på pizza og softis!

Meir frå Orientering

Terminliste o-gruppa 2026

Vel møtt til ein ny sesong med leik og kniving i skog og på veg. Løpa går på onsdagar med start mellom 18 og 19. Det er 3 løyper å velje mellom, nybegynner, mellom og lang. Me prøver oss med ranking i år, altså samanlagtpremiering. Det er mogleg å gå/springe utan tidtaking, og arrangøren hjelper …

Les meir →

Referat frå årsmøte i o-gruppa

Nytt styre i o-gruppa er Rune Erdal (leiar), Per Arne Aadland (kartansvarleg), Erik Høysæter (kasserar) og Arild Røen (stolpejakt og tur-o). Referat frå årsmøte i o-gruppa 4. mars 2026 på Bjørkheim Kro, kl. 18-20. Godt oppmøte. Referent: Ida Johanne. 1. Årsmøtesaker 2. Planlegging av årets løp 3. Ka

Les meir →

Årsmøte i o-gruppa 4. mars

Det blir årsmøte i o-gruppa onsdag 4. mars klokka 18-20 på Bjørkheim Kro. Det blir pizza og brus og forhåpentlegvis mange fruktbare diskusjonar om årets sesong. Plan for møtet: 1. Årsmøtesaker 2. Planlegge årets løp: lokale løp og Hamla og Kompis 3. Plan for kartarbeid i 2026 4. Innkjøp av nye drakt

Les meir →