Hopp til innhald
Samnanger IL
Orientering

Fjord-O på Kvamskogen 6. og 7. juli

Kvamskogen o-løp

Laurdag og søndag er Samnanger med på å arrangere o-løp for 450 løparar frå inn- og utland på Kvamskogen. Med flott fjellterreng, kjekke løyper, premiar frå Safa og mange freistingar i kiosken håpar me på ei kjekk o-helg for dei som valt å bruke sommarferien sin på Vestlandet.

Fjord-O er eit sommarløp som går over fire dagar. I år kjem det tilreisande løparar frå tjueto ulike nasjonar og frå nesten alle o-kretsar i Noreg, og som alltid i orientering er aldersspennet blant dei påmeldte stort – her kjem alt frå småtroll til 85-åringar.

Dei to første løpa gjekk av stabelen onsdag og torsdag på Totland i Bergen, i regi av Fana. Der fekk Martin, Ida Johanne, Dag Terje, Lisbeth og Rune vist at Samnanger-løparar både kan hevde seg og rote seg vekk.

På laurdag og søndag er det Samnanger og Varegg som arrangerer, og arena er i skianlegget i Furedalen. Samningar er veldig velkomne både som løparar og heiagjeng. Ein kan direktepåmelde seg på arena fram til klokka 10.30 begge dagar, og det er både korte og enkle og lengre og vanskelegare løyper å velje mellom. Første ordinære start er klokka 11 begge dagar.

Det ligg mykje arbeid og fleire år med planlegging bak eit så stort arrangement. Per Arne er løypeleggjar på mellomdistansen på søndag, og elles bidreg trufaste samningar som prøveløparar, kakebakarar, parkeringsvakter og i planleggingskomiteen. Takk!

Alle resultat, kart, gps-spor, startlister og anna arrangementsinformasjon finn du i Eventor.

Meir frå Orientering

Orientering

Terminliste o-gruppa 2026

Vel møtt til ein ny sesong med leik og kniving i skog og på veg. Løpa går på onsdagar med start mellom 18 og 19. Det er 3 løyper å velje mellom, nybegynner, mellom og lang. Me prøver oss med ranking i år, altså samanlagtpremiering. Det er mogleg å gå/springe utan tidtaking, og arrangøren hjelper …

Les meir
Orientering

Referat frå årsmøte i o-gruppa

Nytt styre i o-gruppa er Rune Erdal (leiar), Per Arne Aadland (kartansvarleg), Erik Høysæter (kasserar) og Arild Røen (stolpejakt og tur-o). Referat frå årsmøte i o-gruppa 4. mars 2026 på Bjørkheim Kro, kl. 18-20. Godt oppmøte. Referent: Ida Johanne. 1. Årsmøtesaker 2. Planlegging av årets løp 3. Ka

Les meir
Orientering

Årsmøte i o-gruppa 4. mars

Det blir årsmøte i o-gruppa onsdag 4. mars klokka 18-20 på Bjørkheim Kro. Det blir pizza og brus og forhåpentlegvis mange fruktbare diskusjonar om årets sesong. Plan for møtet: 1. Årsmøtesaker 2. Planlegge årets løp: lokale løp og Hamla og Kompis 3. Plan for kartarbeid i 2026 4. Innkjøp av nye drakt

Les meir