
Når kart vert nemnt oppstår det fort mykje engasjement – og litt forvirring. Derfor vert det eit kartmøte på biblioteket på Bjørkheim søndag 9. mars klokka 18-20. Alle som er interesserte eller har innspel er velkomne.
Forslag til agenda:
1) Lage ein framdriftsplan for kartarbeidet: Få oversikt over status på karta me har, samt lage ei prioriteringsliste for kartarbeidet framover. Prioriteringslista blir utgangspunkt for avtalen me lagar med Oskar om synfaring og kartarbeid i 2025.
2) Samordning og systematisering av kartarbeidet: Bli einige om ei felles linje og eit felles filarkiv for kart, for å unngå meirarbeid.
3) Eventuelt anna kartsnakk.
Om du ikkje kan stille, men har innspel eller formeiningar, kan du huke tak i Ida Johanne eller andre på førehand. Oskar, Bjarne og Per Arne har alle meldt at dei stiller.
Vel møtt!

