Hopp til innhald
Samnanger IL
Orientering

KM mellomdistanse i Endelausmarka

Fem Samnanger-løparar tok turen til Bjørnafjorden for å kjempa om KM-medaljar og mot terrenget i «Endelausmarka». Me var førebudde på tungt og knotete terreng, men det viste seg at det faktisk gjekk an å springa.

Fire av oss sprang same løype. Den som bomma mest, kom best ut av det, og det seier kanskje noko om status i kretsen. Ida Johanne mista både hovudet og håpet på veg til sjuande post der ho brukte 15 minuttar (12 minuttar lengre enn Per Arne på same strekk), men fekk likevel med seg ein bronsemedalje i klasse D19 med tida 46.20.

Dei tre andre var alle soleklart framfor, men det er små marginar når ein har kome opp i den desidert største klassen i kretsen: H50. Per Arne – med eit dårleg kne – vart nummer fire med tida 28.59. Dag Terje – med støle leggar – vart nummer elleve med tida 35.33. Og Rune – som verken hadde bommar eller slitne kroppsdelar å klaga på – vart nummer 18 med tida 41.24.

Borgel sprang sitt første o-løp åleine, og kom fint gjennom C-løypa. Han fekk heldigvis lagt inn ein liten «bom», slik at han fekk erfara korleis det er å vera med i sytekoret etter målgang. Neste gong vil han prøva seg på noko litt lengre og litt vanskelegare.

Takk til TIF Viking for eit fint arrangement! Resultat og GPS-spor ligg i Eventor. Ingen frå Samnanger deltok på KM langdistanse søndag.

(Neste lokale løp er onsdag 3. september i Hagabotnane. 28. september er det Samnangermeisterskap på Kvamskogen. Her vert det også premieutdeling for sesongen. 3. og 4. oktober inviterer HOK til sesongavslutning for kretsen, med nattløp fredag og stafett laurdag. Meir info her)

Meir frå Orientering

Orientering

Terminliste o-gruppa 2026

Vel møtt til ein ny sesong med leik og kniving i skog og på veg. Løpa går på onsdagar med start mellom 18 og 19. Det er 3 løyper å velje mellom, nybegynner, mellom og lang. Me prøver oss med ranking i år, altså samanlagtpremiering. Det er mogleg å gå/springe utan tidtaking, og arrangøren hjelper …

Les meir
Orientering

Referat frå årsmøte i o-gruppa

Nytt styre i o-gruppa er Rune Erdal (leiar), Per Arne Aadland (kartansvarleg), Erik Høysæter (kasserar) og Arild Røen (stolpejakt og tur-o). Referat frå årsmøte i o-gruppa 4. mars 2026 på Bjørkheim Kro, kl. 18-20. Godt oppmøte. Referent: Ida Johanne. 1. Årsmøtesaker 2. Planlegging av årets løp 3. Ka

Les meir
Orientering

Årsmøte i o-gruppa 4. mars

Det blir årsmøte i o-gruppa onsdag 4. mars klokka 18-20 på Bjørkheim Kro. Det blir pizza og brus og forhåpentlegvis mange fruktbare diskusjonar om årets sesong. Plan for møtet: 1. Årsmøtesaker 2. Planlegge årets løp: lokale løp og Hamla og Kompis 3. Plan for kartarbeid i 2026 4. Innkjøp av nye drakt

Les meir