
O-gruppa arrangerte 24. og 25. mai dei årlege kretsløpa Hamla og Kompis på Gullbotn. Det vart ei kjekk helg.
Kompisstafetten på laurdag vart akkurat det ein stafett skal vere – ein dag med mykje fart og action, både for dei som sprang i skogen og for dei som følgde med frå samlingsplass.
Hamla Grand Prix med innlagt KM ultra på søndag var eit kjekt løp som hausta ros frå løparane. Her var mykje kartlesing, lange strekk og vegvalsgrubling, og løyper som gjorde det vel verdt å vere ute å springe dobbelt så lenge som me pleier.
Spurtoppgjer mellom brødrene Oma-Høysæter som sprang førsteetappe på kvar sine Samnanger-lag. Yngstebror Trygve stempla til slutt i mål eit sekund før storebror Torvald, som starta eit par minuttar bak.
Takk
Tusen takk til alle som bidreg. Til løypeleggjarane som har halde på i månadsvis for å pønske ut fine traseear og kjekke utfordringar som passar for alle, heilt frå småtroll til dei sprekaste seniorløparane. Til riggegjengen, som hugsar på både skøyteledningar og sikkerhetsnåler, og finn løysingar på det meste. Til kioskgjengen, som steikar og kokar og får det til å sjå ut som at ting går av seg sjølv. Til tidtakarane, som har så god peiling at me andre ikkje anar kva dei driv på med.
Takk til alle som seier ja til å springe på lag, nokon nesten utan o-erfaring, andre utan søvn. Til dei som jobbar i kulissane, og sit oppe til midnatt for å finne ut av startlister og livelox. Til dei som er med litt alle plassar, for eksempel han som stod opp klokka sju for å vere prøveløpar, for så å haste heim for å lage ferdig glasuren til kaka, eller ho som var «pota», og var innom og hjalp til på stort sett alle dei ulike postane i løpet av helga. Og sist: takk til dei som framleis heldt på etter at me andre hadde kome oss heim i sofaen – med tørking av telt, vasking av kaffikanner og inntak av postar.
Resultat og løyper
Resultat, løyper og GPS-spor ligg i Eventor: https://eventor.orientering.no/Events/Show/20925
Ein real søndagstur. Løype 1, H19, Hamla Grand Prix.

