Hopp til innhald
Samnanger IL
Orientering

Kompisstafett for femtiande gong

På laurdag vart den tradisjonsrike Kompisstafetten arrangert for femtiande gong. Rundt hundre løparar frå kretsen hadde teke turen til Totræna denne siste augustdagen – som faktisk baud på ein del sol, sjølv om myrane vitna om ein elles våt sommar.

Kompisstafetten er det eldste orienteringsløpet i Hordaland. Første Kompis gjekk i Hildershaugen ved Fitjavatnet 19. mai 1973. Idéen var Bjarne Hauge sin, og er bygd på stikkordet «rekruttering»: For å stilla lag treng du utøvarar på alle nivå og aldrar. Den gongen var det ikkje veg til Fitjavatnet, så parkering var på Bjørkheim. Så var det (for alle!) å gå vegen opp i Nordvik og deretter stien opp til Fitjavatnet, ein god tur på 5-6 kilometer og vel 300 meter stiging. Så sprang alle Kompis, og rusla same vegen ned igjen.  

Fullt så strabasiøs var ikkje årets utgåve, men løypeleggjar – som i år som for femti år sidan var Bjarne – sørgde for at løparane fekk brynt seg både fysisk og o-teknisk. Av dei sytten laga på startstreken, var to frå Samnanger. Torvald og Trygve Oma Høysæter gjorde begge gode førsteetappar i nybyrjarløypa. På andre etappe passerte Martin Holdhus like godt heile feltet, og sprang dermed Høysæter-familielaget opp i tet. Etter fem etappar hamna familielaget på ein god fjerdeplass, bak eitt Fana-lag og to Varegg-lag, medan det andre Samnanger-laget sprang inn til niande plass. Resultat og løyper finn du på Eventor.

Takk til arrangørar og løparar for ein kjekk dag med venskapleg kappestrid i skogen!

Initiativtakar og løypeleggjar: Bjarne Hauge sørgde for at løparane fekk med seg rett kart ut i skogen.
Tre generasjonar Høysæter: Familielaget med (f.v.) Eivind Høysæter, Trygve Oma Høysæter, Johannes Høysæter, Frode Bjørnås og Martin Holdhus gjorde alle gode løp og sikra seg Safa-sokkar for fjerdeplassen.

Meir frå Orientering

Orientering

Terminliste o-gruppa 2026

Vel møtt til ein ny sesong med leik og kniving i skog og på veg. Løpa går på onsdagar med start mellom 18 og 19. Det er 3 løyper å velje mellom, nybegynner, mellom og lang. Me prøver oss med ranking i år, altså samanlagtpremiering. Det er mogleg å gå/springe utan tidtaking, og arrangøren hjelper …

Les meir
Orientering

Referat frå årsmøte i o-gruppa

Nytt styre i o-gruppa er Rune Erdal (leiar), Per Arne Aadland (kartansvarleg), Erik Høysæter (kasserar) og Arild Røen (stolpejakt og tur-o). Referat frå årsmøte i o-gruppa 4. mars 2026 på Bjørkheim Kro, kl. 18-20. Godt oppmøte. Referent: Ida Johanne. 1. Årsmøtesaker 2. Planlegging av årets løp 3. Ka

Les meir
Orientering

Årsmøte i o-gruppa 4. mars

Det blir årsmøte i o-gruppa onsdag 4. mars klokka 18-20 på Bjørkheim Kro. Det blir pizza og brus og forhåpentlegvis mange fruktbare diskusjonar om årets sesong. Plan for møtet: 1. Årsmøtesaker 2. Planlegge årets løp: lokale løp og Hamla og Kompis 3. Plan for kartarbeid i 2026 4. Innkjøp av nye drakt

Les meir