Hopp til innhald
Samnanger IL
Orientering

Ny leiar og årsmelding for o-gruppa

Ida Johanne Aadland er ny leiar i o-gruppa. Resten av styret står som før: Erik Høysæter (kasserar), Arild Røen (tur-o og stolpejakt) og Bjarne Hauge (kartansvarleg).

Etter sju år som leiar i o-gruppa takka Per Arne av på årsmøtet 21. februar, og gav stafettpinnen vidare til neste generasjon. Sjølv om Ida Johanne bur i Bergen for tida, er ho klar for å ta over roret, og er alt godt i gong med å setje seg inn i arbeidet. «Å ta over etter dei som har vore med «i alle år» er litt skummelt, men det er fint å få prøva seg. Eg verken kan eller vil gjere alt på same måte som far min, men me får tru det kan gå bra likevel», seier Ida Johanne. Det første som må på plass er terminlista og ein plan for kartarbeidet.

Det var godt frammøte denne kvelden med bortimot tjue store og små. Premieutdeling med pokalar til dei yngste og (sponsa) o-sko til dei vaksne var første post på programmet. Så overtok Rune og Dag Terje med tracking, bilete og historier frå løpa i Spania, før formelt årsmøte vart gjennomført. Til slutt hadde me ein god prat om sesongen 2025 og planar framover. Årsmeldinga for 2024 finn du under dokument her på heimesida.

Tusen takk til alle som bidreg til o-gruppa. Om det er som parkeringsvakt, styremedlem, kakebakar, løypeleggjar eller som løpar. Me treng alle for å halde hjula i gong i o-gruppa.

Meir frå Orientering

Orientering

Terminliste o-gruppa 2026

Vel møtt til ein ny sesong med leik og kniving i skog og på veg. Løpa går på onsdagar med start mellom 18 og 19. Det er 3 løyper å velje mellom, nybegynner, mellom og lang. Me prøver oss med ranking i år, altså samanlagtpremiering. Det er mogleg å gå/springe utan tidtaking, og arrangøren hjelper …

Les meir
Orientering

Referat frå årsmøte i o-gruppa

Nytt styre i o-gruppa er Rune Erdal (leiar), Per Arne Aadland (kartansvarleg), Erik Høysæter (kasserar) og Arild Røen (stolpejakt og tur-o). Referat frå årsmøte i o-gruppa 4. mars 2026 på Bjørkheim Kro, kl. 18-20. Godt oppmøte. Referent: Ida Johanne. 1. Årsmøtesaker 2. Planlegging av årets løp 3. Ka

Les meir
Orientering

Årsmøte i o-gruppa 4. mars

Det blir årsmøte i o-gruppa onsdag 4. mars klokka 18-20 på Bjørkheim Kro. Det blir pizza og brus og forhåpentlegvis mange fruktbare diskusjonar om årets sesong. Plan for møtet: 1. Årsmøtesaker 2. Planlegge årets løp: lokale løp og Hamla og Kompis 3. Plan for kartarbeid i 2026 4. Innkjøp av nye drakt

Les meir