
Onsdag 4. juni er det klart for o-løp igjen, denne gongen ved Heiane/Bygdavegen. Dette løpet er ein del av Samningaveko, og me oppfordrar ferske o-løparar (og o-gåarar) til å prøve seg.
Oppmøte er ved Heiane/Bygdavegen, og ein kan starte kortid ein vil mellom klokka 18 og 19. Løyper: Lang (ca. 4,2 km), mellom (ca. 2,3 km), nybyrjar (0,9 km). Dei to lengste løypene skal innom både fint og ope terreng, og meir rufsete og tett terreng. Nybyrjarløypa går stort sett langs sti og veg, her skal både born og vaksne nybyrjarar klare å finne fram. Me hjelper til med instruksjon før start for dei som ønskar det, og du får låne tidtakarbrikke og kompass. Det er gratis å vere med på o-løp.
Denne gongen er det Martin Holdhus (16) som er løypeleggjar og arrangør. Han skriv: «Litt ekstra stas detta løpet – nemlig førsta løpet mitt som løypeleggjar. So håper at detta blir skikkelig stas! Eg kan lova ein god oppvarming til dei som skal ut og prøva seg på lang og mellom, med start i Bjørnåsen, ca. 15 min gange. Ser for meg at løypena blir hengt ute over helga, so god tid til å ta seg ein tur!»
Me oppfordarar faste løparar til å melde seg på i Eventor på førehand, andre kan melde seg på ved oppmøte. Vel møtt!

