Hopp til innhald
Samnanger IL
Orientering

Sesongavslutning med HOK 3. og 4. oktober

Hordaland Orienteringskrets inviterer til sesongavslutning første helga i oktober. Det blir nattløp fredag, og stafett og samanlagtpremiering søndag. Det er kjekt om me kan stille eitt eller fleire Samnanger-lag.

Kretsen skriv:

«Vi føler vel alle på at orienteringsaktiviteten er i endring. Terminlisten endrer seg, vi reiser mindre – vi liker oss helst lokalt. Og vi sliter nesten alle med rekruttering.

HOK-styret er bekymret for at vi mister det gode fellesskapet i Hordaland krets. Vi ønsker derfor å gjøre et godt stykke arbeid med å få flest mulig klubber og o-løpere fra hele kretsen inn til Bergen for en sesongavslutning. Programmet er i den grønne plakaten. Etter uteaktiviteten på lørdag samles vi i Vikinghallen til varm, deilig lapskaus, premieutdeling og sosialt samvær.»

Meir info om kva type stafett det blir kjem i Eventor.

Meir frå Orientering

Orientering

Terminliste o-gruppa 2026

Vel møtt til ein ny sesong med leik og kniving i skog og på veg. Løpa går på onsdagar med start mellom 18 og 19. Det er 3 løyper å velje mellom, nybegynner, mellom og lang. Me prøver oss med ranking i år, altså samanlagtpremiering. Det er mogleg å gå/springe utan tidtaking, og arrangøren hjelper …

Les meir
Orientering

Referat frå årsmøte i o-gruppa

Nytt styre i o-gruppa er Rune Erdal (leiar), Per Arne Aadland (kartansvarleg), Erik Høysæter (kasserar) og Arild Røen (stolpejakt og tur-o). Referat frå årsmøte i o-gruppa 4. mars 2026 på Bjørkheim Kro, kl. 18-20. Godt oppmøte. Referent: Ida Johanne. 1. Årsmøtesaker 2. Planlegging av årets løp 3. Ka

Les meir
Orientering

Årsmøte i o-gruppa 4. mars

Det blir årsmøte i o-gruppa onsdag 4. mars klokka 18-20 på Bjørkheim Kro. Det blir pizza og brus og forhåpentlegvis mange fruktbare diskusjonar om årets sesong. Plan for møtet: 1. Årsmøtesaker 2. Planlegge årets løp: lokale løp og Hamla og Kompis 3. Plan for kartarbeid i 2026 4. Innkjøp av nye drakt

Les meir