
Det heng ute to o-løyper ved Stemmevatnet i sommar. «Lett» og ope terreng, flott utsikt undervegs og badeplass rett ved målposten!
Langløypa er 3,6 kilometer og mellomløypa er 2,8 kilometer. Det er inga tidtaking og resultat, og det heng berre postskjermar i skogen, ingen stemplingsbukkar.
Men! Me trekk eit gåvekort på pizza og softis blant dei som deltek. Kommenter under innlegget i Facebook-gruppa Samnanger IL Orientering når du har vore rundt, eller send ei melding til Ida Johanne på tlf. 90553098.
Dette er meint som ei tur- og treningsmoglegheit, og løypene er opne og gratis for alle som vil prøve seg.
Praktisk informasjon
Parker i lomma rett før Sævellvatnet (posisjon på Google Maps). Herifrå tek det cirka 20 minutt å gå til start/mål ved Stemmevatnet (1 km, 150 høgdemeter).
Det heng ti kart av kvar løype på parkeringsplassen, printa på vassfast papir. Legg kartet tilbake når du er ferdig, slik at fleire kan prøve seg. Du kan også laste ned og printe kart sjølv frå Eventor.
Kartet er ikkje synfare sidan 1979. Det er stort sett greitt, men stien til «Fløyen» er ikkje teikna inn på løpskartet. Sjå utsnitt under for omtrentleg stitrasè.
For dei som ikkje synest løypene er lange nok, kan me anbefala å ta ein avstikkar opp på Fløyen etterpå (turskildring).
Postane vert tekne inn laurdag 9. august. Neste lokale løp er i Holmane søndag 10. august klokka 12.
God sommar!

