Hopp til innhald
Samnanger IL
Orientering

Terminliste 2025

O-sesongen er rett rundt hjørnet, og også i år blir det mange sjansar til å rote seg vekk i Samnanger-skogane!

Som før vert det fri start mellom klokka 18 og 19 på onsdagane, og tre løyper å velje mellom: Nybyrjar, B-mellom og A-lang. Me har også lagt inn tre 3000 meterar – ein før, ein midt i og ein etter sesongen. Dette er meint som uhøgtidlege formsjekkar for dei som vil (og tør!) å konkurrere litt med seg sjølv gjennom sesongen.

Prøve orientering?

O-løp er god (hjerne)trim for folk i alle aldrar, og ein kjekk måte å bli kjent i område utanfor allfarveg. Me har kompass og tidtakarbrikker til utlån, det einaste du treng er sko og kle som tolar å bli skitne og våte. Arrangørane hjelper deg i gong om du er usikker!

Nytt av året er “Turklassen”, der du kan delta i valfri løype utan tidtaking. Dette passar for dei som ikkje har lyst til å hamne på ei resultatliste, men som likevel kan tenke seg ein luftetur i skogen eller litt trening på kart og kompass.

Som tidlegare år får nybyrjarar som deltek på tre eller fleire o-løp ei gratis SIL-trøye.

Me sjåast i skogen!

(For dei som ikkje synest dette er nok, er det mange sjansar til o-løp rett rundt oss også. Sjå meir info i Eventor.no)

Meir frå Orientering

Orientering

Terminliste o-gruppa 2026

Vel møtt til ein ny sesong med leik og kniving i skog og på veg. Løpa går på onsdagar med start mellom 18 og 19. Det er 3 løyper å velje mellom, nybegynner, mellom og lang. Me prøver oss med ranking i år, altså samanlagtpremiering. Det er mogleg å gå/springe utan tidtaking, og arrangøren hjelper …

Les meir
Orientering

Referat frå årsmøte i o-gruppa

Nytt styre i o-gruppa er Rune Erdal (leiar), Per Arne Aadland (kartansvarleg), Erik Høysæter (kasserar) og Arild Røen (stolpejakt og tur-o). Referat frå årsmøte i o-gruppa 4. mars 2026 på Bjørkheim Kro, kl. 18-20. Godt oppmøte. Referent: Ida Johanne. 1. Årsmøtesaker 2. Planlegging av årets løp 3. Ka

Les meir
Orientering

Årsmøte i o-gruppa 4. mars

Det blir årsmøte i o-gruppa onsdag 4. mars klokka 18-20 på Bjørkheim Kro. Det blir pizza og brus og forhåpentlegvis mange fruktbare diskusjonar om årets sesong. Plan for møtet: 1. Årsmøtesaker 2. Planlegge årets løp: lokale løp og Hamla og Kompis 3. Plan for kartarbeid i 2026 4. Innkjøp av nye drakt

Les meir