
Søndag 15. juni inviterer Turlaget og o-gruppa til TurbO-løp i Totræna. Her kan alle som vil få prøva seg på orientering.
Me håpar dette blir ein kjekk søndag med leik og læring i og rundt skiløypene. I Totræna er det gode forhold for å eta nista, gå ein bonustur, leika eller slå av ein prat etter at ein har prøvd seg i løypa. Ein treng ikkje ha kjennskap til orientering på førehand, me hjelper alle til mål.
Det blir flotte deltakarpremiar til alle born, og saft og noko lite å bita i for alle. Kanskje kjem også turbo-reven innom om me er heldige? Start mellom klokka 12 og 13.
Det blir fire løyper å velje mellom:
- N-løype 650 meter: Ei kort, enkel nybyrjarløype som passar for dei heilt minste og ferskaste.
- C-løype 1,7 km: Ei relativt enkel løype som passar for litt større born, vaksne nybyrjar og dei som har brukt kart og kompass eit par gongar før.
- B-løype 3,1 km: For dei som har vore med ein del.
- A-løype 4,3 kilometer: For dei erfarne.
Ta på sko og kle etter vêret, tidtakarbrikke og kompass får de låne hos oss. Det går sjølvsagt også an å gå eller springe ei løype utan tidtaking. Det er gratis å delta, og gratis parkering i Totræna denne dagen.
Me oppmodar faste løparar om å melde seg på i Eventor på førehand.
Ta turen!

