
Samnangermeisterskap i orientering kommande søndag 28. september.
Samlingplass ved Jonshøgdi på Kvamskogen, parkeringsavgift må påreknast.
Start for nybyrjar frå 13.30.
For Mellom og Lang løype vert det felles avmarsj til start kl. 14.00, ca. 20-30 min gange. Fellesstart med ulike sløyfer, i Lang løype kan dei som vil og er over 60 få ei litt kortare løype for å skjerpa konkurransen.
Løypelengder:
Lang 5,5 km (4,5 – 60+)
Mellom 3,2 km
Nybyrjar 1-2 km
Sjølv om berre dei som er medlemmar i Samnanger vert kåra til meistrar kan kven som helst få lov å delta og vera på å gjera dagen ekstra kjekk. Alle som vil delta på fellesstart bør melda seg på i Eventor, helst innan fredag.
Etter løpet blir det premieutdeling for både SM og for sesongen. Oversikt over kven som skal ha rankingpremie ligg her.
Værmeldinga ser strålande ut.
Kontaktperson: Dag Terje (tlf. 41337071) eller Ida Johanne (tlf. 90553098)

